Å vandre langs Nordsjøløypa
I dag har vi skilta og tilrettelagt nærare 60 km Nordsjøløyperuter. Du finn ruter knytt til tusenårsstaden i Gulen, fleire ruter i Solund, ei av dei er lagt heilt ute på Utvær Fyr, du finn ei eiga løype i Korssundet i Fjaler, og på Værlandet startar det ei rute som vert avslutta heilt ute på Bulandet.
|
|
På Svanøya har dei òg laga ei flott rute som går frå kaia og forbigamle adelsgodset og futegarden. Gå heller ikkje glipp av øyparadiset utanfor Florø, ta t.d. lokalbåten frå kaia til Hovden og følg vandringsruta til Kvanhovden fyr. |
|
Avslutt gjerne med ei reise til Vågsberget og gå Nordsjøløypa til Kannesteinen. Har du aldri gått Nordsjøløypa før? Ta ein virtuell tur i ei av løypene våre på Internett – bli med oss i Nordsjøløypa på Korssundet i Fjaler. Det tar ca 4 minutt! |
|






